Foredrag med Oddgeir Bruaset

Forestillinger
Henter programmet
Oddgeir Bruaset kjem til Sirdal med foredrag frå hans siste bok "Vegen som vart min".
Det er ei stor glede å ønskje Oddgeir Bruaset velkomen tilbake til Sirdal.
Gjennom 43 år i NRK har Oddgeir Bruaset samla det norske folk rundt radioen og TV-skjermen. Han har laga hundrevis av TV- og radioprogram, og er kanskje mest kjend for å ha laga Der ingen skulle tru at nokon kunne bu - som har blitt ein av dei mest populære TV-seriane i Noreg gjennom tidene.
Men kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? Kva skjer i kulissane under opptaka? Gjennom historia til Bruaset får vi innblikk i kva som har rørt seg i norsk mediehistorie frå 1971 til 2014. Om TV-produksjon i 80-åra, om ressursar i distrikta samanlikna med Marienlyst og om å laga TV-program om alt frå natur, tragediar, kongefamilien og Erik Bye.
I den nye boka si fortel Bruaset òg om seg sjølv og oppveksten i Romsdal, om den underlege vegen til NRK, om å måtte velje mellom kateteret og mikrofonen, om hardt arbeid, helikopterulykker og om å koma nær folk når ein har eit kamerateam på slep.